Anmeldelse

Yoshi and the Mysterious Book

Så koseleg at det nesten gjer vondt

Yoshi sitt nye eventyr gir oss kos, kreativ glede, og kanskje litt småirritert frustrasjon attåt.

Nintendo

I det minste er det ikkje Bowser senior som er på ferde denne gongen. Vi møter i staden Bowser Jr. som atter ein gong går i sin fars stinkande fotspor. Som sin far gjer han sitt beste for å skape trøbbel.

Trøbbel blir det, og i rolla som Yoshi endar vi opp i ei mystisk, snakkande bok som gir oss jobben med å utforske sidene og alle skapningane som lev i den. Vi har altså med ei bok som ikkje kjenner sitt eige innhald å gjere.

Kartet viser deg dei ulike skapningane i eit område.
Øystein Furevik/Gamer.no

Om Darwin var ein dinosaur

Yoshi and the Mysterious Book er både likt og ulikt tidlegare Yoshi-spel. Det er lett å kome inn i for dei som har spelt serien før, og vi styrer framleis Yoshi som kan sluke ting med tunga si for å lage egg han seinare kan skyte. Han vandrar, hoppar, glir gjennom lufta, og lagar søte lydar designa for å få sju år gamle jenter til å hoppe av glede. Sann historie.

Utover det er mykje forskjellig.

Vi møter ein noko uvanleg og særeigen struktur der du først held eit forstørringsglas over denne mystiske boka for å finne spanande ting å utforske. Der finn du skapningar i mange merkelege former. Nokre ser ut som blomar med fjes, andre som froskar med ring i staden for munn.

Finn du noko ukjent, kan du utforske, og då reiser du til eit område der den aktuelle skapningen er hovudfokus, vrimlar stort sett overalt, og gir deg mange sjansar for å prøve ut det som prøvast kan.

I staden for å kome deg frå ein ende av ei bane til ein annan, skal du utforske skapningane, sjå kva dei kan gjere og ikkje minst kva du kan gjere med dei. Banene, om vi kan kalle dei det, er todimensjonale, men opne område som byr på sine skjulte skattar og tidvis krevjande utfordringar, og er ikkje over før du har oppdaga mange nok sider ved dei ulike skapningane.

Når du har fullført ei bane fyller boka seg opp med informasjonen du har samla.
Øystein Furevik/Gamer.no

Høgst variert

Eg kan ikkje seie gjennomføringa er udelt positiv, men det er mykje moro å finne her. Yoshi and the Mysterious Book byr på seks ulike kapittel som alle tek oss til ulike område der vi blant anna får reise til skogsområde, fjellandskap og til strandkanten.

Dei ulike områda byr gjerne på tematisk riktige skapningar å utforske. I skogen møtte eg til dømes nokre søte blomsterskapningar som sprer blomane sine rundt omkring når ein kjem bort i dei. Målet til Yoshi er å finne ut korleis desse kan brukast, og då gjeld det å bruke tunga, hoppe på dei, smelle i bakken, og finne ut kva som er mogleg.

Her har jeg lagt inn et lite sitat som brekker over to linjer

Akkurat desse blomane forplanta seg vidare om ein fekk frøa til å sveve, og dei kunne slå røter i hard stein, noko som gjorde den porøs og sårbar, eller skape nye typar blomar alt etter kvar føra landa. Landa dei i vatn absorberte dei vatn og skapte nye vegar, landa dei på rett grein blei dei store og kunne hoppast på.

I den andre enden finn vi skapningen som sit der med ei fiskestang, og ved å plukke han opp kan du fiske alt av fisk, eller til og med rydde skrot frå havbotn med ein magnet.

Det er moro, ei god stund, men så skjer det gjerne noko der ein set seg litt fast, veit ikkje kva ein skal gjere, kva lita sær handling ein må få dagens skapning til å utføre. Det kan bli mykje vandring fram og tilbake, prøving og feiling utan særleg med hjelp og evne til å forstå kva ein ikkje forstår. Spelet er litt vel diffust til tider, der alt du veit er at det er noko du ikkje har gjort, men ikkje ein gong din ven boka har eit godt råd for kva du skal gjere vidare.

Eg er kanskje for gammal grinebiter til å fullt ut innhalere sjarmen i dette spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kriminelt sjarmerande

Om det er eit felt der Nintendos utviklarar har gjort så godt som alt riktig, er det i presentasjonen av dette rett og slett nusselege eventyret.

Som vanleg for Yoshi-spel har Nintendo valt å gå for ein unik og slåande visuell stil.

Yoshi and the Mysterious Book er ein slags kombinasjon av fleire kunstgreiner. Bakgrunnane ser ofte ut som dei er teikna med blyant, og berre halvvegs fargelagde med akvarellmåling, medan figurane grensar til å sjå ut som dei er modellerte med leire. Akkurat dette blir forsterka av animasjonen som brukar låg biletefrekvens for å sjå ut som dukkeanimasjon.

Med eit lydbilete som nesten slår deg i bakken med kor aggressivt koseleg, sjarmerande, og ikkje minst kor festeleg moro det er uansett kor frustrerande spelet skulle vere der og då, er det vanskeleg å ikkje trekke litt på smilebandet.

Brått fekk spelet eit snev av Angry Birds.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Om du er på jakt etter eit tradisjonelt sideskrollande plattformspel frå Nintendo, og tenker at eit nytt Yoshi-spel må vel vere litt i same gate som Super Mario Bros. Wonder, tek du grundig feil.

Dette spelet er like leikent og utforskande som mange Nintendo-spel har ein tendens til å vere, men det gjer ting veldig annleis. Yoshi and the Mysterious Book byr på seks kapittel fulle av rare skapningar som skal utforskast. Her skal du hoppe, sprette, skyte, kombinere og leike deg med kva desse skapningane kan gjere, eller la deg gjere.

Tidvis er det skikkeleg god moro, og eg merkar at spesielt for junior på sju er det noko med Yoshi and the Mystrious Book som verkeleg vekker den utforskande og kreative delen av hjernen.

For min del kjenner eg at det vesle ekstra manglar. Eg har kosa meg mykje, men spelet skapar ikkje heilt den same magien som mange andre Nintendo-spel. Det er eit godt spel, som byr på mykje god underhaldning, men framstår tidvis litt retningslaust.

Yoshi and the Mysterious Book er i sal på Switch 2 21. mai.

0.
Yoshi's Adventure 34
Veldig, veldig bra spill dette spillet

Siste fra forsiden